SÆRFORBUND
Sunnfjord Kajakklubb er medlem av Norsk
Padleforbund
STYRET DETTE ÅRET HAR VORE:
Marius Langballe Dalin (leiar)
(2. År)
Guttorm Kleppe (Nestleiar) (2. år)
Rune Berge (kasserar) (1. år)
Ina Bruland (1. År)
Ronny Løland (1. År)
Brit Siv Fimland (vara)
MEDLEMSTAL
Samla medlemstal (betalande medlemmar) pr.
31.12.2009, var 100. Dette ein liten auke frå i fjor. I tillegg kjem 13 som
ikkje har betalt. Truleg vil minst 5 av dei vere med vidare.
MØTEAKTIVITET
Utanom årsmøtet har vi hatt tre styremøte.
Årsfesten i bowlinghallen blei ein suksess i inneverande år som tidlegare.
VIKTIGE SAKER
Guttorm har koordinert og jobba mykje med
å få ferdig skifterommet og fleire medlemar har gjort ein fin dugnadsinnsats.
Vi har følgd strandsaka og hatt eit par møter med båtklubben og fleire
telefoner om saka. Diverre har kommunen nå vedteke å byggje ned stranda. SKK og
mange med oss har påklaga vedtaket, men det vil truleg ikkje bli omgjort. Vi er
lovd tilkomst til sjøen innafor moloen.
Elles så handlar det naturleg nok mykje om
padleaktivitet. Trening og turar er viktige aktivitetar i klubben og dei som
ynskjer det, har hatt tilbod om trening lokalt og ulike turar arrangert av
einskildmedlemar.
AKTIVITET I 2009
Turar,
havpadling
I år har vi ikkje hatt nokon reine klubbturar, og heller satsa på å henge oss
på ulike turopplegg og samlingar arrangert av andre.
Medlemar har delteke på Havpadlesymposiet,
Stormsamlinga, Aktivitetsleiarsamling på Golta, Havlandet kajakkfestival m.fl.
Trening
Torsdagstreningane sto fast også i 2009.
Varierande deltakartal, men dette er eit fast tilbod som fleire burde benytte
seg av. Vi får mange positive tilbakemeldingar på dette tilbodet. Vi har hatt 3
bassengtreningar på våren og ein på høsten.
Elv
Ronny har utforma ein flott elveførar som ligg
ute på heimesida vår. Det har ikkje vore arrangert turar i klubbregi, men det
er fleire enkeltmedlem som er aktive. Det er og nokre med høg kompetanse og det
er ting i emning omkring meir organisert elveaktivitet. Klubben har sett fram
tilbod om sponsing for dei som vil kurse seg i elvepadling og dette tilbodet
vil bli ført vidare.
Heimesida
Styret har vore litt mindre flinke enn i
fjor til å halde heimesida oppdatert, men vi tror den viktigaste informasjonen
har vore tilgjengeleg for medlemane. Skal vi få ho betre må vi få fleire
tilbakemeldingar og ynskje fra medlemane.
Naustet og kajakkane våre
Naustet
Skiftestova har vi endeleg fått ferdig og gir godt høve til å skifte i meir
behageleg temperatur og utan for mykje støv. Vi håpar å få mykje glede av den i
2010.
Naustombygginga i 2008 og 2009 har
omfatta:
· -Tregolv i det lengste skipet av naustet.
· -Kajakkstativ som heng i skinner.
· -Utviding av hems.
· -Utvide innedel i naust, ved å flytte ut veggar der det var ein
overbygd utedel.
· -Bygge isolert og oppvarma skifterom.
· -Installere meir lys i naust.
Kajakkbasen
Innkjøp i 2009:
|
Kajakk:
|
Etternamn:
|
Namn:
|
Ant:
|
Komentar:
|
|
|
|
Rockhopper C.
|
1
|
Rød 2009
|
|
|
Vally
|
Avocet
|
1
|
Rød 2009
|
|
|
Wilder NessSystems
|
Tsunami 135
|
1
|
Gul 2009
|
Kursaktivitet
I år har vi overlete til den einskilde
instruktør å stå for kursa.
Samarbeid med Psykiatrisk klinikk (PK)
Vi har framleis eit laust samarbeid med PK. Vi
disponerer deira dobbelkajakk og dei kan nytte våre kajakkar i diverse opplegg.
ØKONOMI
Den økonomiske ståa i klubben er god, men etter
at naustprosjektet nå går mot slutten er det ikkje lenger store likvide midlar
disponible. Viser til rekneskap og balanse ifrå kasseraren.
UTSTYR
Sjå vedlegg
SATSINGSOMRÅDE I 2010
Padling i form av trening og turar er
sjølvsagt hovudføremålet med klubben, men for å få til dette på ein god måte,
bør vi og legge vekt på fylgjande:
· Organisere elvepadlarane. Lage til turar, kurs etc.
· Syte for ny tilkomst til sjøen
· Arrangere temakveldar (aktuelle tema: navigasjon & sjømannskap,
sikkerheit & redning, reparasjon av kajakk, førstehjelp & livredning)
Til slutt vil eg få høve til å takke alle
som har gjort ein dugnadsinnsats for klubben.
Førde 09.02.2010
Marius Langballe Dalin
Leiar, Sunnfjord Kajakklubb
Vedlegg: Utstyrsoversikt