|
NYBEGYNNARKURS I HAVPADLING 30. og 31. mai
Lagt inn 09.05.2009 av rune - lest 502 ganger
Det blir altså nybegynnarkurs i havpadling 30. og 31. mai (laurdag og søndag)
... Trygge øvingar gir ein god start ...
STAD FOR KURSET: Sanden-lagunen i Naustdal (like ved bensin-stasjonen)
Det ser ut til at det kan bli få kurs i Førde-Naustal-regionen i år. Dette blir truleg det einaste, så har du tenkt på kurs her i distriktet, er det best å vere om seg no.
Du treng ingen førkunnskapar om padling for å få fullt utbytte av kurset. Det er to fulle dagar med mykje padling. Vi brukar tørrdrakt så det blir mykje bading slik at øvingane blir realistiske. Med tørrdrakt spelar tempen i vatnet ingen rolle.
Vi fylgjer NPF sitt opplegg for nybegynnarkurs. Du kan lese om innhaldet på kurset, ved å legge fylgjande lenke inn i nettlesaren din: http://www.padling.no/t2.asp?p=56252
Pris for padlekurset inklusive tørrdrakt: kr. 2.200,- Leige av kajakk og utstyr (vest, åre og trekk) kr. 400,- Full pakke kostar soleis kr. 2.600,- NPF sitt våttkort er inkludert i kursprisen.
Kurshaldar er Rune Berge som er sertifisert NPF veileder hav.
Bindande påmelding til rune@naturleik.no eller pr. telefon nr.: 99 20 50 90.
Du får detaljert info om kurset og betalingsblankett straks du har meldt deg på. Plassen er sikra ved betaling av kursavgifta.
 Her blir det trygt og artig !!
... og så blir det sjølvsagt tur ...
|