|
HELGATUR TIL SOLUND
Lagt inn 25.08.2008 av rune - lest 906 ganger
 KOMANDE HELG >> 29.-31.AUGUST Fantastisk tur i trygge omgivelsar. Dette er også turen for deg med lite turerfaring.

Fredag er det mat og overnatting hos Roar Moe på Litle Færøy. Turen ut dit tar ein times tid og er ein fin start på padlehelga.
TUREN PASSAR FOR ALLE SOM HAR NYBEGYNNARKURS. Vi tilpassar turen til deltakarane sine ynskje, så her kan du trygt bli med om du ikkje har vore med på slike turar før. Klubben vert arrangert av Sogndal Turlag, men eg (Rune) vil vere med som klubbkontakt. Det blir fleire med frå klubben, så ikkje kvi deg på å bli med. Info om turen finn du nedanfor. Du kan og ta kontakt med meg for meir info. MITT MOB.NR.: 99 20 50 90
DU KAN MELDE DEG PÅ TIL MEG ELLER DU TAR KONTAKT DIREKTE MED KURSARRANGØRANE (SJÅ INFO'EN)

Vi skal innom denne gamle husmannsplassen (den blir turlagshytte i 2009)
HER ER INFO'EN FRÅ TURARRANGØRANE:
Sogndal Turlag og Sogn og Fjordane Turlag Kurs og Fjellsport
Kajakkhelg i Solund 29.- 31. august 2008.
Detter treng ein av utstyr:
Forutan Kajakk og padleåre: • Spruttrekk Ull undertøy • Redningsvest Varme klede som vert tørt pakke. • Årepose/ flottør. Dvs: Bukse, Fleece/ ullgensar, vindjakke, lue m.m. • Pumpe Dette kan nyttast når vi skal raste, og som • Våtdrakt tryggleiksutstyr. • Padlejakke Termos, solbriller, solkrem og hovudplagg. • Eigna fottøy; våtsko Drikkeflasker for vatn. • Evt padle-/ våthanskar Kart om du har. Fotkart kan og nyttast. • Tauline. Handduk m.m.
Reise: Avreise frå Sogndal MRK: kl. 1530 fredag etterm. Frå Hella kl. 1630. Vi tek sikte på å rekke ferja frå Rysjedalsvika kl 1900. Ankomst Krakhella kl 2015. Etter ein biltur på ca 30. min er vi framme i Hardbakke, kor vi skal parkere bilane. Retur sundag frå Krakhella kl. 1505 eller kl. 1725 alt etter ver og turopplegg.
Overnattting og mat: Vi skal overnatte i lavo så ein treng å ta med sovepose og liggeunderlag. Alle måltid vert servert av Roar Moe & co. Første måltid fredag kveld etter framkomst Litle Færøy. Ta sjølv med det du treng av sjokolade, nøtter, m.m.
Diverse: Vi tek sikte på å padle frå Harbakke til Litle Færøy fredag kveld. Dette er ein tur som normalt tek 50 min. Bagasje som ikkje er ein del av utrustning/ tryggleiksutstyr kan pakkast i dertil eigna bag, så vil Roar ta desse med i si skøyte frå Råke. Dermed treng ein ikkje å tørrpakke all bagasje. Ta likevel med tørrbag eller sekkar til å pakke klede og anna til padleturen. Gode klede å ta på etter padleturen er og greit å ta med.
Kajakktur laurdag og sundag. Som nemnt i programmet vil ver og vind avgjere kvar vi legg turen. Har vi veret med oss kan det vere fint å legge opp til padling vest om Litle Færøy, er det friskare ver, vil vi halde oss meir i indre farvatn. Vi vil presentere turopplegget når vi kjem ut fredag kveld. Sundag legg vi turen innom Råkeneset, kor det vert open dag på husmannsplassen som vert DNT- hytte i 2009.
Prisar: Mat , overnatting samt deltakaravgift er sett til 800.- pr. pers. Dette kan betalast til turleiar på ferjeturen attende sundag kveld. Reisekostnad; km-sats, ferjebil. deler ein etter avtale med kvarandre. Turleiarane vil prøve å organisere felles transport.
Er noko uklart ta kontakt med turleiarar Per- Henning 900 47022 eller Marino 576 74570/ 900 89570.
-Vel møtt til ei triveleg helg i Solund.-
Sogndal Turlag Sogn og Fjordane Turlag Kurs og Fjellsport. Per- Henning Nybø Marino J. Ask
|