|
Kajakkpolo i Førde
Lagt inn 03.05.2008 av marius - lest 1184 ganger
Snart er vi i gang! Klubben satsar nå på meir leik og moro og håpar at både ungdom og ”gamle” kajakkentusiastar vil sette pris på dette nye innslaget i miljøet vårt. 

Kajakkpolo er eit lagspel der ein sit i kajakk og freistar få ballen i motstandarane sitt mål ved pasningsspel og kjappe og presise kajakkrørsler. Vi får god trening i kajakkontroll og balanse. Polo er ein kontaktsport med mykje fart.
Historie Kajakkpolo har bakgrunn i elvemiljøet. På 60-talet såg elvepadlarane etter måtar å trene på om vinteren. Dei fann fort ut at elvekajakkane deira var mindre eigna til trening i basseng og ein utvikla difor kajakkar til bassengbruk. Etterkvart blei ballspel ein naturleg del av treninga og det utvikla seg ulike nasjonale reglar for ballspel i kajakk. I 1987 blei det første VM arrangert med internasjonale reglar. På slutten av 90-talet kom idretten til Norge. Det arrangerast Norgescup og NM, men førebels er det få aktive klubbar hjå oss.

Satsinga vår. Årsmøtet i Sunnfjord Kajakklubb har vedteke å satse på elv og polo. Det er fleir grunnar til det: Polo er ein morosam måte å trene opp dugleik i kajakken, både til balanse, koordinasjon, manøvrering og rulle. Sporten er framifrå førebuing for sommarsesongen, ikkje minst for elvepadlarane. Vi trur og det er eit flott høve til å få med ungdom i kajakk. Padleforbundet er villig til å arrangere seminar for å hjelpe oss og andre klubbar på Vestlandet til å komme i gang. Vi håpar og at elvepadlarar og aktive havpadlarar får eit godt høve til å bli ein samansveisa gjeng gjennom polotreninga. For dei som vel å satse aktivt på polo er det og moglegheit for å reise på stemne i Norgescupen og NM og kanskje vere med å danne eit framtidig landslag. 

Sjølve spelet Kampane går føre seg på flatt vann, til dømes ein innsjø, skjerma fjordarm eller eit symjebasseng. Bana er frå 25 m lang og i kvar ende heng eit mål 2 m over vannflata. Kvart lag har 5 spelarar som sit i kvar si kajakk. Ved pasningsspel får dei ballen fram mot motstandaren sitt mål. Den av forsvararane som er nærast målet nyttar åra og freistar å hindre angriparane i å få ballen i mål. Kajakkpolo er ein kontaktsport og det er lov å presse eller dytte motspelarar som har ballen eller kjempar om han.

Vi vonar mange vil vere med på litt balleik både i samband med bassengpadling og utandørs. Vi har tinga 3 polokajakkar og utstyr. I tillegg vil vi bruke elvekajakkar. Om alt går etter planen vil det vere høve til å bli med på faste treningar for dei som vert hekta.


Om du vil vite meir om kajakkpolo kan du prøve følgjande sidar:
Padleforbundet: http://www.padling.no/t2.asp?p=27508
Canoe polo: http://www.canoepolo.com/home
Bileta er henta frå desse sidane.

Her er nokre linkar til fleire videosnuttar med kajakkpolo:
Kvinnepolo: YouTube – Kvinnepolo
Litt rame rundt sporten. http://www.youtube.com/watch?v=Z6YOvWFrMAs&feature=related

Diverse videoar:
http://www.youtube.com/watch?v=kcAlP-3Ohu8&feature=related
http://www.youtube.com/watch?v=KXU0N8XSVJk&feature=related
|