|
Havlandet kajakkfestival 27. - 29. juni 2008
Lagt inn 29.04.2008 av marius - lest 1014 ganger
Kystaktiv vil arrangere kajakkfestival på Batalden i år og. Vi vil gjerne oppmode medlemane våre til å bli med og støtte lokalt initiativ. Kanskje vil du ta kurs, gå ein tur i fjellet eller bli med på kajakkrace? Det er mykje å velje i.
Vi tar sikte på at dei som ynskjer kan vere med på felles padling ut til Batalden og tilbake att. For dei som vil ha det litt meir makeleg eller kome seg raskare ut er det sjølvsagt mogleg å ta båt utover og. Vi håpar at mange av oss finn vegen til Batalden denne helga.
Du finn meir på Kystaktiv sine heimesier: www.kystaktiv.no
|