. . . kajakkpadling er topp som trim og rekreasjon – balsam for kropp og sjel . . .

NAVIGERING

Framsida
Arkiv
Om klubben
Klubbstoff
Kalender
Forum
Album
Turstoff
Kurs
Bli medlem
Lenker
Login

Kristian Berge (c) 2007
Antall besøk: 88047

 

kurs

KURS I SKK

Klubben arrangerer ikkje kurs sjølv, men vi har samarbeid med instruktørar i distriktet.

• Informasjon om dei instruktørane SKK har avtale med, finn du her
• Unnataket er Introduksjonskursa, dei arrangerast ved behov – ta kontakt med klubben viss du ynskjer det – klikk her

VÅTTKORT

Norges Padleforbund har inført eit system, Våttkort som dokumentasjon for (den formelle) kompetansen ein har i padling.
Les om kva Våttkort er her

ULIKE TYPAR KURS

Introduksjonskurs – HAV
For å kunne vere med på torsdagstreninga, må du minimum ha dette kurset.
Innhald på Intro-kurset – klikk her

Grunnkurs – HAV
For å kunne vere med på turane våre, må du minimum ha dette kurset.
Innhald på Nybegynnarkurset – klikk her

Teknikkurs – HAV
Eit svært nyttig kurs for dei som vil utvikle seg som padlar.
Innhald på Teknikkurset – klikk her

Aktivitetsleiarkurs – HAV
For dei som ynskjer å vere leiarar for andre padlarar og/eller bli instruktør på Intro-kurs og Grunnkurs.
Innhald på Aktivitetsleiarkurs – klikk her

Kurs – ELV
Vi vil jobbe for å få til kurs i elvepadling
Førebels kan du lese om kurs innan elvepadling her

Andre kurs
Info om kurs på høgare nivå (som arrangerast av NPF), finn du her

SPONSING AV KURS

I samanheng med at vi ynskjer å styrke den formelle kompetansen i klubben, har vi vedteke å stimulere dette ved å sponse deltakarar som i etterkant kan tenke seg å ta noko ansvar i samanheng med trening og turar, meir bestemt vere ansvarlege/leiarar på trening og turar.
På havsida gir vi støtte for å ta Teknikkurs og Aktivitetsleiarkurs.
På elv kan det i tillegg vere aktuelt også på nybegynnarkurs
Interessert ?
Ta kontakt med ein av kontaktpersonane her

KANSKJE DU IKKJE TRENG KURS?

Viss du har god padleerfaring, treng du kanskje ikkje kurs!
Ferdigheitene ein må meistre på nybegynnernivå, kan du lese om her
Viss du meiner du kan det som er nemnt der, så må du berre vise på sjøen at du meistrar dei ulike teknikkane. Det tar vi som ei treningsøkt.

SJØLV om du har padleerfaring på Nybegynnarkurs-nivå, Må du, viss du ikkje kan dokumentere at du har det frå før, vere med på teoridelen på eit Nybegynnarkurs.

Det kostar kr. 500,- å få vere med på teoridelen + "klarering", inkludert Våttkort.

Adresse: Pb. 698, 6804 Førde     E-post: skkpost@gmail.com     Kontonr: 3705.04.09490